Illustrasjonsfoto prokrastinering
Illustrasjonsfoto: Frida Xiang Nordås Årsandøy

Prokrastinering: din beste eller verste venn?

Dei fleste studentar kjenner til fenomenet prokrastinering, om dei veit det eller ikkje. For kven har ikkje sett på ei oppgåve dei skulle ha jobba med eller eit kapittel som burde lesast før dei heller har sjekka Facebook, gått på kino, lagd ein god middag eller vaska heile leilegheita? Om ein da i ettertid har tenkt «Søren, eg angrar litt», er det truleg prokrastinering ein har med å gjere.

Kronisk utsettingsåtferd

«Prokrastinering, kronisk utsettelsesatferd.» Slik blir fenomenet prokrastinering beskrive i Store Norske Leksikon. Men kva betyr eigentleg det? Frode Svartdal er professor i psykologi ved UiT – Noregs arktiske universitet, og forskar mellom anna på prokrastinering.

– Prokrastinering er utsetting med negativt resultat. Personen som prokrastinerer veit gjerne at utsettinga vil føre til dårleg resultat, men vel likevel å utsette arbeidet, seier Svartdal.

Når ein prokrastinerar gjer ein gjerne ei spontan endring, der ein prioriterer å gjere noko anna på sparket. Studentar disponerer mykje av arbeidstida sjølv, og skippartakmentaliteten går hand i hand med prokrastinering.

Dei som prokrastinerer er gjerne folk som trekk seg unna, og vel å unngå vanskelege situasjonar. Det kan føre til at dei droppar å dra på seminar, sjølv om dei veit at dei burde, eller utset ei vanskeleg innlevering til i siste liten fordi ein kvir seg for å setje i gong.

Prokrastinering

Utsetting med negativt resultat, sjølv om dette er bevisst, og dette ser man hos mellom 50 og 95 prosent av studentar. 

Utbreidd i studentmassen

Om ein ser utover forsamlinga under ei heilt vanleg førelesing, sit kanskje halvparten av rommet og ser på telefonen eller datamaskinen i staden for å følgje med på førelesinga. Forsking tyder nemleg på at så mykje som mellom 50 og 95 prosent av studentar slit med prokrastinering. Forsking viser også at det er eit aukande problem, og at vi prokrastinerer meir og meir.

– No for tida er det enklare å prokrastinere enn før, ettersom vi alltid har tilgang på mobiltelefon og Internett. Det er forventa at ein alltid er tilgjengeleg, og det bidrar til at vi prokrastinerer, fortel Svartdal.

Kan det vere noko positivt med prokrastinering?

Å prokrastinere kan ha nokre positive effektar. Til dømes høyrer ein ofte studentar seie at hybelen aldri er reinare enn i eksamenstida. Studentar har gjerne mange arbeidsoppgåver som skal sjonglerast, og prokrastineringa fører ikkje berre til ein høgare score på Candy Crush.

Prokrastineringa følast også bra, ettersom det gir ein god følelse å sleppe unna ei vanskeleg oppgåve. Om ein i tillegg gjer noko ein likar å gjere, vil dette også gi positivt utslag.

- Det er ikkje nødvendigvis negativt å utsette oppgåver ein må gjere, men om det ballar på seg vil dei negative konsekvensane på slutten av semesteret bli forsterka, åtvarar Svartdal.

Forskinga hans tyder på ein samanheng mellom prokrastinering og angst og depressive tendensar. Studentar er som kjent ei av samfunnsgruppene som har størst problem med isolasjon og angst, og prokrastinering kan både vere eit resultat av dette, og bidra til at desse tendensane forsterkar seg.

Likevel føler mange studentar at litt stress gjer eit betre resultat, og skippartak fram mot eksamen er ein kjent og kjær lesestrategi for mange, også for studentar med gode resultat. Når ein i tillegg får lykkefølelsen av å sleppe ei oppgåve ein dag for å gjere noko gøy i staden, kan det i kontrollerte mengder føre til at studenten føler seg betre.

Før trudde ein at det var dei sosiale som prokrastinerte mest, men no veit ein at det er fleire einstøingar som prokrastinerer.

Frode Svartdal, professor i psykologi

Kva er gode tiltak mot prokrastinering?

På tross av effektane som opplevast positivt, er det viktig at prokrastineringa ikkje tar heilt overhand. For dei som slit med prokrastinering finst det fleire tiltak. Ein kan sjå på oppgåvene i små skritt, og hugse å ta pausar. Det er også gunstig å vere aktiv både i studiekvardagen og på fritida.

– Det er lurt å vere med på trening, og å vere aktiv i studentlivet. Før trudde ein at det var dei sosiale som prokrastinerte mest, men no veit ein at det er fleire einstøingar som prokrastinerer, fortel Svartdal.

Han meiner at studiemiljø skapar prokrastinering. Det er mykje valfridom, og ein kan sjølv velje korleis ein prioriterer kvardagen. Å leggje opp studietida på ein meir strukturert måte, kan føre til mindre prokrastinering.

– Ein student utan prokrastinering er ein student utan angst og depresjon, og med høgare livskvalitet, avsluttar Svartdal.