Møte i Studentparlamentet: Foto: Frida Xiang Nordås Årsandøy

Student­parlamentet fjernar fakultets­representant­ane

Storleiken på studentparlamentet blir redusert frå 31 til 25 representantar, og både fakultetsrepresentantane og International Students Union (ISU) mistar plassane sine. Talet på campusrepresentantar frå Harstad, Narvik og Finnmark blir også endra.


Ole Even Andreassen, utdannings- og forskingsansvarleg i arbeidsutvalet i Studentparlamentet. Foto: Privat

I sitt møte 7. desember vedtok Studentparlamentet ein ny struktur. Ole Even Andreassen, utdannings- og forskingsansvarleg i arbeidsutvalet i Studentparlamentet, leia arbeidet med den nye modellen.

‒ Dette arbeidet kjem som ei følgje av fusjonen med høgskolane i Finnmark, Harstad og Narvik. I 2015 sette vi ned ein midlertidig modell som skulle opp til revidering våren 2017. Det nye modellforslaget gjekk ikkje gjennom Studentparlamentet da, så vi måtte sette i gong eit nytt arbeid no i haust. No er den nye strukturen endeleg vedtatt, fortel han.

Fjernar fakultetsrepresentantane

Den største forskjellen mellom den nye og den gamle modellen er at fakultetsrepresentantane er tatt ut. Tidlegare har kvart fakultet valt ein eigen representant til Studentparlamentet, men no skal heller ein større del av representantane bli valde på listeval. For å sikre at fakulteta framleis blir høyrde, får leiarane i studentutvala på dei forskjellige fakulteta tale- og forslagsrett i Studentparlamentet.

Ny representantfordeling:

Campus Harstad: 2
Campus Narvik: 2
Campus Finnmark: 2
Listeval: 19
TOTALT: 25

‒ Vi har sett at fakultetsrepresentantane ikkje har ein så stor rolle i parlamentet, samanlikna med dei listevalde. I tillegg må vi ta omsyn til at UiT har blitt eit fleircampusuniversitet, seier Andreassen.

Som eit eksempel trekk han fram at Fakultet for biovitskap, fiskeri og økonomi har studentar i Hammerfest, Alta, Harstad, Narvik og Tromsø, og at det da er vanskeleg å sikre eit rettferdig valsystem der alle studentane får påverknadskraft.

– Det same gjeld for ISU. Dei representerer berre Tromsøstudentane, men det er også eit stort internasjonalt miljø i Alta og på andre campusar, som ikkje har noko innverknad på ISU-representanten, seier han.

Må likevel ivareta fakultetssynspunkta

Nikolai Magnussen, leiar i Studentutvalet på Fakultet for naturvitskap og teknologi (NT), set pris på at fakulteta får varetatt tale- og forslagsretten, men er likevel uroa for at det skal bli vanskelegare å få fram synspunkta sine.

‒ Vi mener det var nyttig med en fast representant med stemmerett i parlamentet. Selvsagt kan studenter fra NT stille som listekandidater, men vårt inntrykk er at det er en liten andel fra NT som gjør det, og vi mener dette kan resultere i mindre representasjon av NT sine synspunkter med denne modellen. Selvsagt vil taleretten veie opp for dette med at vi kan tale vår sak for parlamentet, noe som vil vise at vi bryr oss om en sak og at parlamentet tar det i betraktning, skriv han i ei melding.

Andreassen meiner likevel at den beste løysinga er å ha representantar for listeval. Når det gjeld problemet med lite engasjerte studentar på NT, oppmodar han listene til å drive meir aktiv rekruttering på dei ulike fakulteta.

– I eit listeval er ei stemme ei stemme, uansett kor på universitetet du er. Om fakulteta eller dei internasjonale studentane ikkje føler at deira stemmer er representerte på dei eksisterande listene, er vi i arbeidsutvalet hjelpsame om dei vil starte eigne lister, seier Andreassen.

Ferdig med fusjonsarbeidet

Den andre store endringa er talet på campusrepresentantar til dei ulike campusane.

– Campusrepresentantane er no fordelte etter studenttalet på campusane. Det er omtrent like mange studentar i Harstad, Narvik og Finnmark, så dei har no fått likt tal representantar for å sikre lik representasjon, seier han.

Han er glad for at omstruktureringa endeleg har blitt vedtatt i parlamentet, og avsluttar med å seie:

– No skal modellen få sette seg litt, men vi er endeleg ferdige med alt som har med fusjonen å gjere. Det er veldig deilig å vere i mål, avsluttar han.

Publisert på: 
21/12/2017 - 17:37
Sist endret: 
13/02/2018 - 11:23