Internasjonalt seminar om klimasøksmålet
Internasjonalt seminar om klimasøksmålet 16. november. Foto: Gunnhild Skjold

Klima­søksmålet – Oljen vs. Arktis

Noregs første klimarettssak blei ført for Oslo tingrett i slutten av november, og no har dommen falle: Staten blei frifunne for brot på grunnlova.

16. november, medan rettsaka held på, inviterte Spire Tromsø og Concerned Students til Internasjonalt seminar for å få svar på kva klimasøksmålet er, om det er ein god ide, og om rettssystemet skal vere med på å utforme politikk. Til å diskutere klimasøksmålet hadde arrangørane invitert Mari Seilskjær, jurist og initiativtakar til søksmålet, og Tore Henriksen, professor i miljørett ved UiT, til å belyse saka frå forskjellige vinklar.

Grunnlovas § 112

Alle har rett til eit helsesamt miljø og ein natur der produksjonsevna og mangfaldet blir haldne ved lag. Naturressursane skal disponerast ut frå ein langsiktig og allsidig synsmåte som tryggjer denne retten òg for kommande slekter.

Borgarane har rett til kunnskap om korleis det står til med naturmiljøet, og om verknadene av planlagde og iverksette inngrep i naturen, slik at dei kan tryggje den retten dei har etter førre leddet.

Dei statlege styresmaktene skal setje i verk tiltak som gjennomfører desse grunnsetningane.

Kva er klimasøksmålet?

Natur og Ungdom og Greenpeace har saksøkt den norske staten for det dei meiner er eit brot på grunnlovas paragraf 112, den såkalla «miljøparagrafen» (sjå infoboks). Saksøkarane meiner at statens løyvingar til oljeutvinning i 23. konsesjonsrunde i 2016 var i strid med den grunnlovsfesta retten til eit helsesamt miljø. I tillegg reagerer dei på fleire saksbehandlingsfeil da løyvingane blei gitt i Stortinget, og meiner regjeringa har brote med retten borgarane har til «kunnskap om korleis det står til med naturmiljøet». Spire Tromsø og Concerned Students meiner at dette er eit viktig tema.

– Klima angår alle, og går på tvers av landegrenser. Derfor passet det på et internasjonalt seminar, skriv Aslaug Angelsen i Spire Tromsø i ei melding.

Kan føre til «amerikanske tilstandar»

Det er fleire som reagerer på at saksøkarane løftar ei sak mange vil meine er politisk inn i rettsalen. Regjeringsadvokat Fredrik Sejersted, som representerer staten i klimasøksmålet, åtvarar mot ei «amerikanisering» av samfunnet, der politikken blir avgjort i domstolane i staden for på Stortinget.

Miljøorganisasjonane meiner at grunnlova § 112 er rettsleg forpliktande, og at det dermed er opp til domstolane å kontrollere om Stortinget har følgd grunnlova. For dei er det også viktig å skape merksemd rundt temaet.

– [Å ta klimasøksmålet til retten] får saken på agendaen, og gir et klart signal til de som bestemmer om at vi er flere som ikke syns noe om de nye konsesjonsrundene. Nå ser vi jo også at utredningene som ble gjort i forkant av konsesjonsrundene har vært hastverksarbeid, uten en rettssak er det usikkert om det hadde blitt oppdaget, seier Angelsen.

Kva ligg eigentleg i § 112?

Kjernen i søksmålet ligg i korleis ein skal oppfatte grunnlovas § 112. Saksøkarane meiner at paragrafen er rettsleg forpliktande, og hindrar staten i å treffe vedtak som vil skade retten til eit helsesamt miljø for kommande generasjonar.

Regjeringsadvokaten argumenterer derimot med at paragrafen ikkje kan tolkast som å gi slike avgrensingar. Dei meiner at så lenge staten har sette i verk tiltak (som slått fast i tredje ledd av § 112) oppfyller dei sine pliktar ovanfor paragrafen, noko dei argumenterer for at er gjort gjennom miljøvernsomsyna og utreiingane som har blitt tatt i laupet av prosessen.

Dommen

Retten er einig med miljøorganisasjonane i at § 112 er eit rettsvilkår som gir borgarane rettar. Likevel er dei einige med staten i at så lenge tiltaka som blir utført er gode nok, så er det ikkje eit brot på § 112. I dommen skriv dei:

– Vedtaket i denne saken bryter imidlertid ikke med § 112. Risikoen både for (tradisjonell) miljøskade og klimaforverring som følge av Vedtaket er begrenset, og avhjelpende tiltak er tilstrekkelige.

Retten peikar også på at nokre av problemstillingane miljøorganisasjonane har trekt fram ikkje høyrer heime i rettsalen, men i politikken. Dei tar dermed berre stilling til enkeltvedtaket om tildelingar i 23. konsesjonsrunde, ikkje Noregs overordna klimapolitikk.

Retten konkluderer også med at det ikkje blei gjort saksbehandlingsfeil da vedtaket blei gjort, og frifinn dermed staten på alle punkt. Miljøorganisasjonane blir pålagt å betale staten saksomkostningar på 580 000 kr, og har enda ikkje bestemt seg for om dei skal anke saka.

 

Publisert på: 
08/01/2018 - 15:49
Sist endret: 
13/02/2018 - 11:22