11. januar inviterte AnsvarsFULL, eit førebyggande rusprosjekt i regi av Studentparlamentet, til seminaret «Ingen pekefinger, bare svar på det du lurer på om rus!». Foto: Frode Henriksen.

Rusprat utan peikefinger

Sturla Johansen frå RUStelefonen har snakka til studentar på UIT om verknader og konsekvensar av rusmiddel.

Johansen presenterte også RUStelefonens appar Drikkevett, som let deg halde kontroll på promillen din, og HAP (Hasjavvenningsappen), som tar utgangspunkt i hasjavvenningsprogrammet til Uteseksjonen i Oslo og skal hjelpe brukarar som vil redusere sin eigen hasjbruk.

Verknaden av rusmiddel

RUStelefonen

«RUStelefonen er en offentlig og landsdekkende informasjonstjeneste hvor du kan ta kontakt via telefon, chat eller spørreskjema.

RUStelefonen tilbyr støtte og veiledning, samt informasjon om rusmidler og hjelpeapparat. Vi bestreber oss på å besvare alle henvendelser på en faktabasert og ikke-moraliserende måte.

Enten du er bruker, pårørende eller bare har spørsmål om rus, er du velkommen til å ta kontakt med oss!

Alle som tar kontakt med tjenesten er anonyme.» (Henta frå rustelefonen.no)

På seminaret forklarte Johansen om kategorisering av rusmiddel.

– Dette er ei forenkling, men vi kan grovt dele inn rusmiddel ved hjelp av tre overlappande kategoriar: Dempande, stimulerande og hallusinogene, fortel han.

Døme på dempande stoff er opioid og GHB, amfetamin og kokain er stimulerande, og LSD er hallusinogent. I tillegg finst det stoff som er både dempande og hallusinogene (cannabis), hallusinogene og stimulerande (MDMA), og stimulerande og dempande (alkohol). Ketamin og PCP er døme på stoff som har trekk frå alle tre kategoriane.

Situasjonen i dag

I dag er mange redde for såkalla nye rusmiddel, men Johansen viste at ein også kan plassere desse inn i dei same kategoriane som over, og at dei dermed ikkje er så nye. Han trekk også fram at problemet ikkje er kjempestort, men påverkar ein god del, også ved UiT.

– Frå Studentenes Helse- og Trivelsundersøkelse (SHoT) 2014 veit vi at 7,7% menn og 2,1% kvinner ved UiT seier dei har brukt narkotika minst 5 gongar det siste halve året, fortel han.

Når det kjem til rusmiddel blant studentar, kjem ein ikkje unna praten om akademisk dop.

– Det vi veit er at det ikkje er så utbreidd, men at mange er nysgjerrige og det er i bruk. Dette er jo ei form for akademisk juks, og i spørreundersøkingar svarer 2 av 10 at dei hadde vore villig til å bruke det for å få betre resultat, seier Johansen.

Han trekk også fram at på grunn av dei små dosene ein tar akademisk dop i, så er det lett å ta nok til at det heller får ein stimulerande effekt. Da verkar det mot sin hensikt, og gir dårleg utslag akademisk.

– [Akademisk dop] er ikkje så effektivt, understrekar han.

Johansen avsluttar seminaret med å oppmode til å bruke RUStelefonen når ein lurer på ting om rus.

Initiativ frå studentparlamentet

Seminaret blei arrangert av AnsvarsFULL, som blei oppretta etter at SHoT-undersøkinga 2014 viste at 3 av 5 studentar synest det er for mykje alkohol i studentmiljøet. I tillegg til arbeidet med alkoholkulturen skal dei også jobbe med førebygging av andre former for rus, deriblant illegale rusmiddel.

– Rusførebyggande arbeid er noko som har vore viktig for studentparlamentet lenge, og AnsvarsFULL er eit prosjekt som blei starta av det førre parlamentet og vidareført no. Det er eigd av studentparlamentet og finansiert av middel frå Helsedirektoratet. Vi ønsker at det skal formidle viktig kunnskap til oss studentar utan å vere moraliserande, fortel Sebastian Henriksen, velferds- og internasjonaliseringsansvarleg i studentparlamentet.

Ingrid Rabbe Larsen, prosjektleiar i AnsvarsFULL, er takknemleg for at seminaret kunne sette fokus på illegale rusmiddel.

– Vi er glade for at vi kunne få besøk av RUStelefonen. Dei er ein god og nøytral arena for å få svar på det ein lurer på, utan at det verken blir moraliserande eller oppmuntrar til å ruse seg, seier ho.

Nyttig for studentane

Både Larsen og Henriksen er opptatt av å vere bevisst på illegale rusmiddel, og at dette er viktig å vite om for studentane.

– Vi veit at det er mange studium på UiT som treng å kjennskap til dette i arbeidslivet. I tillegg er det studentar som brukar illegale rusmiddel sjølv, og studentar som er pårørande for vennar og familie. Da synest vi eit slikt seminar er bra for å informere om kva farane er og kva ein skal vere på utkikk etter, seier Larsen.

Ho legg til at målet med prosjektet ikkje er å hindre studentar i å drikke alkohol, men å få ein sunnare drikkekultur og skape eit meir ansvarleg forhold til rus.

– Vi vil ikkje at folk skal slutte å drikke, men lære å drikke bra. For eksempel kan ein sjekke Drikkevett-appen til RUStelefonen, som gir ein oversikt både over kva effektane av promille er, kor mykje promille ein får, og kor mykje pengar ein kan spare på å drikke litt mindre, seier ho.

Jobbar med ein ruspolicy

Eit av tiltaka AnsvarsFULL jobbar med  er ein ruspolicy for UiT.

– Ruspolicyen er nok ein av dei viktigaste tinga vidare i dette arbeidet. I dag har ikkje UiT ein formell policy på korleis universitetet skal forhalde seg til rus, for eksempel kva som skjer om ein student møter opp rusa på ei førelesing. Ein slik policy er både viktig for medstudentar og førelesarar, men også for dei som slit med noko, seier Henriksen.

Larsen trekk fram at det er viktig å ha eit prosjekt som set fokus på rusførebyggande arbeid.

– Rusførebyggande arbeid er gjerne eit overskotsarbeid, som blir gjort når folk har tid til overs. Og det har jo folk sjeldan, så det er viktig å ha eit prosjekt som set fokus på problema, og samlar det som blir gjort til ei felles satsing, seier ho.

Arbeidet vidare

I tillegg til arbeidet med ruspolicyen, skal prosjektet arbeide med årets SHoT-undersøking. SHoT blir arrangert kvart fjerde år, og ei ny undersøking blir sendt ut no i 2018.

– AnsvarsFULL er eit konkret resultat av den førre SHoT-undersøkinga. Derfor er det viktig at mange svarer på årets undersøking, slik at vi veit kva vi skal jobbe med vidare, seier Larsen, og får støtte frå Henriksen.

– Undersøkinga er veldig nyttig for oss, for vi får oversikt over kva som må jobbast med. Vi har finspissa spørsmåla litt i forhold til førre runde og håpar dei er enda meir treffande, seier han.

Henriksen avsluttar med å framheve kor viktig prosjektet er.

– UiT er ein stor institusjon med mange ledd som allereie har for mykje å gjere. Da er det viktig å samle kreftene og få sett dette på dagsordenen. Det er vi veldig opptatte av i studentparlamentet.

Seminaret kan sjåast på Facebook-sida til AnsvarsFULL.

Publisert på: 
01/22/2018 - 17:53
Sist endret: 
01/23/2018 - 15:40