Sjukepleiarstudentane Silje Sagberg Syrstad og Elise Svendsen vil starte eit lokallag for å skape livsglede hos eldre. Foto: Privat.

Vil skape livsglede hos dei eldre

Da sjukepleiarstudentane Silje Sagberg Syrstad og Elise Svendsen fekk høyre om organisasjonen Livsglede for eldre, syntest dei tiltaket var så bra at dei meinte det måtte finnast i Tromsø også. No er dei i full gong med å starte lokallag.

Det første lokallaget i Livsglede for eldre blei oppretta i Kristiansand i 2005, og sidan har dei spreidd seg over heile landet. Her i Troms samarbeider dei med fleire vidaregåande skolar og barnehagar, men har ikkje hatt eit eige lokallag før no.

– Vi var ikkje klar over at det ikkje fanst her, men så var vi på ei førelesing der læraren vår oppfordra oss til å starte lokallag, seier Syrstad.

Livsglede for eldre

På nettsida si skriv Livsglede for eldre-prosjektet at dei er «arbeider for at alle eldre skal ha en god og meningsfull hverdag, og gjennom gode opplevelser skal vi stimulere de sosiale, åndelige og kulturelle behovene til den enkelte.»

Det nye lokallaget i Tromsø kan kontaktast på

livsgledeitromso@hotmail.com.

Framleis i startfasen

Sjølv om Syrstad og Svendsen er godt i gong med arbeidet, er lokallaget ikkje oppe og går enda.

– Det manglar framleis å få på plass eit fullt styre. I tillegg treng vi frivillige, og alle er velkomne. Vi tenker at det skal vere ei sosial greie for folk som er frivillige, og at alle skal få bidra. Vi skal gi frivilligheitsbevis til dei frivillige, og dette er ei god moglegheit til å få erfaring med styreverv, seier Syrstad.

Dei trekker også fram at det er mange forskjellige måtar å bidra på, og at alle monnar drar.

– Vi treng sjølvsagt folk til styret, men det er like viktig å ha gode frivillige. Å vere frivillig skal ikkje vere bindande, du skal kunne variere litt og vere med når du har tid og lyst, seier Svendsen.

I tillegg til styrearbeid og å bidra som frivillig, tar dei også gjerne imot idear, og vil gjere det mogleg å bli «Livsgledevenn» og bidra økonomisk.

Vi vil gjerne gi dei eldre sjansen til å vere med på ting dei vanlegvis ikkje ville fått moglegheita til å delta på.

Elise Svendsen

Skal få dei eldre ut av heimane sine

Sjukepleiarstudentane veit at det er mange eldre som sit mykje heime, og det vil dei gjerne bøte på.

– Det vi drøymer om treng ikkje å vere sånne store ting, men vi vil gjerne gi dei eldre sjansen til å vere med på ting dei vanlegvis ikkje ville fått moglegheita til å delta på, seier Svendsen.

Syrstad legg til at dei også ser til andre lokallag for inspirasjon, og at dei har mange forskjellige idear.

– Vi har sett at andre lokallag har arrangert alt frå ball til turar ute, å få hestar inn på sjukeheimen eller å berre dra og bruke tid saman med dei eldre. Så det er eigentleg berre kva vi har middel til og kva vi har lyst til å få til som set grenser. Det er jo uendelege moglegheiter, seier ho.

Gleder seg til å starte

Syrstad og Svendsen ser ikkje for seg at prosjektet blir sett ut i live før til hausten, og skal bruke våren til å få på plass alt det praktiske. Dei gleder seg, og håpar at dette kan vere ein fin ting som folk held på med etter dei også.

– Dette skal vere for dei som er heime og dei som er busett på sjukeheim, dei som er sporty og dei som ikkje er så sporty. Det er det vi har lyst til å få til: at alle skal få vere med. Det skal ikkje vere nokre avgrensingar, så langt det er mogleg, seier Svendsen.

Dei trur lokallaget blir ein hyggeleg møteplass, både for dei eldre og for dei frivillige.

– Ein møtest på tvers av alder, og på tvers av religion og politisk standpunkt. Det kan vere fint for alle partar å møte forskjellige menneske, og ha eit felles mål: Det å skape ei hyggeleg stund for dei eldre, og vere med og skape generell livsglede for dei eldre. Men det blir jo det for oss som er frivillige også. Det synest eg er fint å tenke på, avsluttar Syrstad.

Publisert på: 
04/03/2018 - 11:11
Sist endret: 
06/03/2018 - 16:22