Som del av miljøsatsinga si har Samskipnaden delt ut miljøposar i staden for plastposar. Posane blir mellom anna brukt til å levere skifteklede i studentbarnehagane og å levere catering frå kafeane. Foto: Studentsamskipnaden.

Studentsam­skipnaden set fokus på miljøet

Denne veka har Samskipnaden fokus på miljø, og trekk fram fleire tiltak dei sjølv og studentane kan gjere for å spare miljøet. I tillegg spør dei studentane om dei har fleire miljøtips til Samskipnaden.

Samskipnaden er ein stor aktør på UiT Noregs arktiske universitet, med både kafear, studentbustader, helsetilbod, treningssenter, barnehagar og mykje meir. Kva miljøstrategi dei vel har dermed stor påverknad på miljøavtrykket til UiT-campusane. I laupet av det siste året har dei mellom anna introdusert ein eigen miljøkopp og oppmoda folk til å velje porselen i staden for eingongsutstyr i kafeane. No vil dei gjere enda meir.

– Miljøuka er en kampanje vi lenge har hatt lyst til å gjennomføre fordi vi er stolt av de tiltakene vi har iverksatt for miljøet, og det studentene og vi får til sammen, skriv kommunikasjonssjef i Samskipnaden, Sarah Reibo Dahl i ein e-post.

Rabattert kaffi med miljøkopp

Eit av dei mest synlege miljøtiltaka for studentane er miljøkoppen. I haust introduserte Samskipnaden sin eigen miljøkopp, og no har dei fått inn ei ny ladning. Miljøkoppen kostar berre 30 kr (inkludert kaffi), og deretter får ein påfyll for 10 kr. Ein får også rabattert påfyll på kaffi når ein brukar andre termokoppar.

– Det nærmer seg eksamenstid, og da vet vi at det også konsumeres enorme mengder kaffe. Så en kampanje med fokus på miljø og miljøkoppen nå, øker bevisstheten omkring bruk av engangskopper, og gir billigere kaffe til studenter når de drikker kaffe som mest (så lenge de bruker Miljøkoppen eller annen termokopp), seier Dahl.

Ho fortel vidare at i laupet av eitt år med miljøkoppsatsinga, har studentane bidrege til å spare over 45 000 pappkoppar på campus. Om lag 40% av kaffikoppane folk kjøper er i miljøkopp, og det talet vil dei gjerne ha høgare. Ho trekk også fram satsinga på å kutte plast på kaffibaren C8H10N4O2.

– Kaffebaren på Campus er NESTEN helt plastfri. Det eneste som gjenstår før vi skryter av plastfri kaffebar er at vi må erstatte sugerørene. Alternativet har vi funnet, og vi venter bare på leveranse, skriv ho.

Samarbeid på tvers av landegrensene

I miljøveka representerte også Dahl Samskipnaden på eit webinar i regi av Spire Tromsø og Det nordlige (arktiske) føderale universitet (NArFU) i Arkhangelsk med tittelen «Russia - Norway: Sustainable Arctic». 

I Noreg stod dei klar med t-skjortekledde miljøaktivistar, ordførar, rektor, ein miljøforskar, og ein kar frå Remiks; medan russarane stilte med «Deputy Head for Economic Development and Finances» i Arkhangelsk, «First Vice-Rector» ved universitetet, ein «environmental engineer», ei frå Barentssekretariatet, og ein kar frå Greenpeace. Alle russarane hadde stive dressar og firkanta namneskilt, profesjonell kameraføring og proffe tolkar. Dei kunne vore rigga til eit toppmøte i FN, i kontrast til Noreg, kor seminaret blei ført fram over webkameraet på ein gammal MacBook.

Webinaret viste fram ein felles entusiasme for miljøvern og resirkulering, og sjølv om russarane såg skremmande profesjonelle ut i dressane sine, hadde iallfall dei norske deltakerane, til forskjell frå russarane, omsett powerpointane sine til engelsk. Etter to timar med prat og fjas, blei alle einige om at auka samarbeid var kjempemessig og at slike seminar var ein god arena for dette, sidan alternativet er miljøfiendtlege flyturar.

Fleire andre tiltak

Når Samskipnaden skal bytte ut bilar, vel dei elbilar. Dei har også inngått ein straumavtale slik at all straumen i studentbustadene deira kjem frå fornybare kjelder. I tillegg oppmodar dei kundane sine til å velje porselen i staden for plast. Da dei introduserte emballasjesatsinga skreiv dei at heile 80% av dei som kjøpte salat valde plast i staden for eingongsemballasje, også når dei skulle ete i kafeane.

– Gjennom å bevisstgjøre og informere håper vi våre kunder velger grønnere når det kommer til kjøp av lunsj og middag, seier Dahl.

Dei har også etterlyst miljøtips frå studentane.

– Studenter er virkelig miljøengasjert, og vi har fått inn flere gode forslag. Vi vil forsøke å imøtekomme gode forslag så godt vi kan – og gleder oss til å gå gjennom alle. De beste forslagene vil bli publisert på vår nettside og Facebook, skriv ho.

 

Publisert på: 
19/04/2018 - 19:04
Sist endret: 
23/04/2018 - 13:38