alt me 2
Forfattar Caroline Kaspara Palonen. Foto: Privat

Ei førehandsvising av framtidas forfattarar

Studentane ved Forfatterstudiet i Tromsø har nyleg gitt ut antologien Brygg, ei samling med nokre av tekstane dei har jobba med dette året. Antologien inneheld både poesi, prosa og dramatikk, og blei lansert på Hålogaland teater i slutten av mai med opplesingar frå alle studentane.

Forfatterstudiet i Tromsø

Studiet ligg under Kunstakademiet i Tromsø, og gir studentane opplæring i å skrive tekstar i forskjellige sjangrar, og rettleiing på skjønnlitterære prosjekt. Studiet er samlingsbasert, og leia av Anne Oterholm og Morten Wintervold. Det er delt inn i Forfatterstudium 1 og 2, som går annakvart år. Det første studiet gir meir generell skriveopplæring, medan det andre let studentane fordjupe seg i eit prosjekt.

Ein slik studentantologi blir kvart år gitt ut av studentane ved Forfatterstudiet i Tromsø (sjå infoboks), og gir eit interessant innblikk i skriveprosessen og ein peikepinn på nokre av framtidas bokdebutantar.

Skal jobbe vidare med antologiprosjektet

Ein av årets studentar ved forfattarstudiet er Anna Strømstad Albrigtsen, som også var med på å redigere antologien. Hennar tekst i antologien opnar med ein regntung køyretur til Sverige for å besøke hovudpersonens mormor, og sluttar med ein påstand om at alt er slik det skal vere. Likevel får ein inntrykk av at ingenting er heilt rett for hovudpersonen, og at det kanskje er ein samanheng mellom dette, og valet om å besøke mormora.

I antologien får vi ikkje noko svar på kva som ligg bak turen, men det får vi kanskje seinare. Vidare har ho nemleg planar om å jobbe vidare med antologiprosjektet, ved sida av å studere teatervitskap ved UiB.

– Prosjektet har allerede vært gjennom drastiske endringer og det blir nok flere store endringer, seier Albrigtsen.  

“Jeg har lært meg at “alle” forfattere står litt fast i blant”.

Anna Strømstad Albrigtsen, forfattarstudent

På studiet seier Albrigtsen at ho har lært mykje om både å lese tekstane til andre og å jobbe med eigne tekstar. Innleveringsfristane på studiet har gjort at ho har skrive meir enn nokon gong før, og ho har også lært mykje frå lærarane på studiet. Dei har lært ho å like sjølve skriveprosessen.

– Lærerne har fått meg til å like skriveprosessen, og lært meg at “alle” forfattere står litt fast i blant og at det er vanlig, seier ho.

Debuterte etter studium i Tromsø

Fleire forfattarar har debutert etter studium ved Forfatterstudiet i Tromsø. Ein av dei er Caroline Kaspara Palonen frå Harstad, som debuterte med romanen Xeroxdager i 2011, og sia har gitt og to romanar og ei diktsamling. Om ein finn antologien frå Forfatterstudiet i Tromsø i 2009 og 2010 kan ein sjå tidlege utdrag frå Xeroxdager, som var Palonen sitt hovudprosjekt under forfattarstudiet.

Palonen søkte seg til forfattarstudiet etter å allereie ha gått tre år på Kunsthøgskolen. Ho hadde fått eit stipend for å måle, men skreiv meir enn ho målte, og søkte dermed forfattarstudiet med dagboktekstane ho hadde skrive denne perioden. I laupet av studiet var eit av prosjekta ho jobba med debutromanen Xeroxdager, og i studentantologiane frå 2009 og 2010 kan ein lese utdrag frå prosjektet.

“Forfatterstudiet ga meg mine første lesere. Jeg fikk tilbakemeldinger fra medstudentene mine, og på den måten fikk jeg vite hvordan tekstene mine virket der ute”.

Caroline Kaspara Palonen, forfattar

I likskap med Albrigtsen lærte Palonen korleis ein arbeider strukturert med tekstar, og denne arbeidsmetoden har ho tatt med seg vidare. I tillegg lærte forfattarstudiet ho både å lese tekstane til andre grundig, og å ta imot kritikk på eigne verk.

– I perioder er det veldig vanskelig å være i kontakt med teksten, og da er det ekstra viktig for meg å gå på jobb som en vanlig arbeidstaker. Jeg har kontorplass, et lite miljø og tilgang på en kaffemaskin, skriv Palonen i ein e-post til Midnattsolposten.

Ho trekk også fram det gode samhaldet mellom studentane, og kor verdifullt tilbakemeldingane var, både på forfattarstudiet og i ettertid:

– Dette er som kjent et ensomt yrke, så det er godt å ha et nødnummer å ringe når jeg står fast.

Studentane får lære å arbeide med teksten

Ein av lærarane på studiet er den norske forfattaren Anne Oterholm. Ho debuterte i 1995, har vore leiar i Den norske Forfatterforening, og har jobba med Forfatterstudiet i Tromsø sia 2013. Ho er samd med Albrigtsen og Palonen i at arbeidet med sjølve skriveprosessen er noko av det viktigaste forfattarstudiet kan tilby.

– Om man ønsker å bli forfatter stilles det store krav både til talent og arbeid. Alle som blir tatt opp på forfatterstudiet har talent, altså handler det mye om arbeidet, seier Oterholm.

Forfatterstudiet i Tromsø skil seg frå andre forfattarstudium som Skrivekunstakademiet i Bergen og Forfatterstudiet i Bø, ved at det er samlingsbasert. Dermed kan studiet tiltrekke seg elevar frå heile landet, med ulik alder, bakgrunn og erfaring. Albrigtsen trekte også fram dette som ein av hovudgrunnane til at ho søkte seg til Forfatterstudiet i Tromsø.

Oterholm legg også vekt på viktigheita av at å leggje forfattarstudiet her opnar for andre perspektiv, og forhåpentlegvis gjer det enklare for nordnorske studentar å søke seg til studiet. Forfattarstudiet har også eit godt samarbeid med resten av litteratur- og forfattarmiljøet i Tromsø, og får dra nytte av den kompetansen, samstundes som forfattarstudiet kan bidra med mellom anna opne poetikkførelesingar.

Til årets studentar på forfattarstudiet, og til alle som vurderer å søke, er rådet hennar å ikkje gi seg, fortsetje å skrive og skrive, sjølv om det tar lengre tid enn ein først trur. Det kan kanskje oppsummerast av Palonens råd:

– Ta vare på håpet!

Og kven veit? I framtida er det kanskje boka til Anna Albrigtsen som er til sals i bokbutikken, slik at vi kan høyre resten av historia!

Publisert på: 
08/06/2017 - 12:05
Sist endret: 
24/01/2018 - 09:14