Kulturnatta 2017

Kulturnatta har blitt arrangert i Tromsø sia 2014, og er ein tradisjon som strekk seg tilbake til 1984. Årets utgåve blei arrangert 6. oktober, og 47 forskjellige arrangørar sørga for at det var mogleg å få med seg både ølsmaking, poesilesing, konsertar og mykje mellom.

Korkonsert og kaffi

Eit av arrangementa ein kunne få med seg var ein konsert med Universitetskoret Mimas på Tromsø Kaffebrenneri. Koret fekk vist seg fram, og oppmøtet var godt nok til at fleire blei sittande i sjølve kafeen. Heldigvis høyrte ein godt i kafeen også, og der fekk ein sjansen til å kose seg med god kaffi og nysteikte kanelsnurrar.

Etter koret var ferdige å synge kunne ein flytte seg over i utstillingslokalet vegg i vegg og sjå utstillinga Mor & Døtre, med kunst av Abadha Karlsen, Sukhi Karlsen, Disha Lundberg og Kinara Lundberg. Dei fire kunstnarane er i familie, men har likevel vidt forskjellige kunstuttrykk. Under Kulturnatta spelte også Aggie Frost i samband med utstillinga.

Film på Verdensteatret og Fokus

Om kormusikk og biletkunst ikkje fall heilt i smak, var det fleire andre moglegheiter. Til dømes kunne ein ta ein gratis tur på kino, både på Aurora Kino Fokus og Verdensteatret. På Fokus viste dei Harry Potter-«spin-offen» Fabeldyr og hvor de er å finne frå i fjor, så om ein gjekk glipp av å sjå denne da han gjekk på kino gav Kulturnatta ein ny sjanse til å dra tilbake til Harry Potter-universet på kino.

På Verdensteatret blei heile fredagsprogrammet tatt over av Kulturnatta. Dei byrja med å vise Monsterbedriften, før dei følgde opp med kortfilmprogrammet Film fra Nord – Shoot Me As I Am.  Kortfilmprogrammet inkluderte mellom anna ein musikkvideo med ein «unik miks mellom elektronisk musikk og den tradisjonelle joiken» og nordnorsk «steampunk». Dei avslutta kvelden med den moderne klassikaren Evig solskinn i et plettfritt sinn.

Fotoutstilling og forfattarstudentar

Nesten vegg i vegg med Verdensteatret ligg Perspektivet museum, som for tida har utstillinga Gatelangs med fotograf Knut Stokmo. Utstillinga har bilete frå Tromsø i åra 1961-1967 tatt i Stokmos unge år. Under Kulturnatta kunne ein også få med seg ein fotografsamtale mellom Stokmo og Yngve Olsen Sæbbe, der to generasjonar av Tromsø-fotografar fekk samtale om yrket og byen med utgangspunkt i utstillinga.

Tidlegare på kvelden deltok studentane ved Forfatterstudiet i Tromsø på eit arrangement på Nordnorsk Kunstmuseum, der poesistudentane fekk lese opp noko av arbeidet sitt. På Perspektivet museum var det prosastudentane som stod for tur, og dei las opp både noveller og romanutdrag som dei arbeidar med.

Kulturbyen Tromsø

Når ein kjem til Tromsø legg ein fort merke til at det er mykje som går føre seg på kulturfronten. Om det er forskjellige festivalar, konsertar, teater, øl, mat, kunstutstillingar, dans, film eller LEGO-bygging, så er det noko for ein kvar smak. Det er også hyggeleg å sjå kor mykje UiT bidrar til kulturlivet: Det var både studentkor, forfattarstudentar og kunststudentar i sving, og i tillegg kunne ein besøke Tromsø Museum - Universitetsmuseet og Nordnorsk Vitensenter.

Kulturnatta gir ein god sjanse til å få litt overblikk over kulturtilbodet i byen, og til å prøve seg på noko ein kanskje ikkje har prøvd før. Når ein lever på eit studentbudsjett er det i tillegg ein fordel at alle arrangementa er gratis, så det er berre å glede seg til neste år!

Publisert på: 
10/16/2017 - 08:54
Sist endret: 
10/16/2017 - 08:54