Campus Tromsø
Foto: Taylor Holm

UiT feirar 50-årsjubileum

I 2018 feirar UiT at det er 50 år sia Stortinget vedtok å opprette eit universitet i Tromsø. Jubileet blir feira stort med mange og varierte arrangement gjennom heile året, og programmet blei lansert tysdag 12. desember. Sjølve jubileumsfeiringa startar med kick-off 12. januar, men allereie no kan ein lese om rektorar, æresdoktorar, alumni og historia til universitetet.

Gjennom heile året vil jubileet sette sitt preg både på universitetet og byen. Om feiringa skriv komiteen: «Vi ønsker å sette fokus på fellesskapet i organisasjonen og styrke kjennskapen til universitetets bidrag innenfor utdanning, forskning, innovasjon og formidling». Dette gjer dei gjennom samarbeid med fleire festivalar, konferansar studenthendingar og mykje anna. Hovudfeiringa blir frå 19. til 30. september, med ein jubileumsfestival parallelt med Forskingsdagane.

Både vitskapleg og kulturelt

Det blir både vitskaplege innslag som Forsker Grand Prix, diverse seminar og temadagar om hav og folkehelse, men det blir også mange kulturelle innslag. Til dømes blir historia til UiT også ei eigen teaterførestilling på Hålogaland Teater med namnet Sykle i snøstorm. Stykket er eit samarbeid mellom NOSO, Nordnorsk Kunstmuseum, Vokal Nord og Hålogaland Teater, og får tittelen sin frå ei historie om at Peter Hjort fekk i oppdrag å etablere eit universitet i Nord-Noreg fordi han sykla, også i snøstorm.

Under jubileet trekk UiT også fram det samiske preget på universitetet. På den samiske nasjonaldagen 6. februar skal det vere ei eigen markering for den samiske forskinga ved UiT. Det blir også invitert til eit nordisk museumsseminar med fokus på det samiske, og UiT skal også markere den internasjonale koftedagen 10. april.

Studentane er også med

Studentane får også sin rettmessige plass i jubileumsåret. Studentlekene blir arrangert i Tromsø for andre gong, og er ein del av jubileumsprogrammet. Studentlekene er eit idrettsarrangement for studentar frå heile landet, der ein kan konkurrere i idrettar frå sjakk til langrenn til yukigassen. 8. mai skal studentane ved studiet i praktisk prosjektleiing i Harstad markere jubileet, og det skal vere ein Fyrtårnsfestival med fokus på studentaktiv læring og pedagogisk kreativitet.

Får eigen podkast

Også dei som ikkje er i nærheita av ein universitetscampus vil kunne følge jubileet. I tillegg til alle arrangementa gjennom året blir det også lansert ein eigen podkast, Observatoriet. Der får 50 forskarar snakke om forskinga si med programleiarane Marit Anne Hauan og Geir Ringvold. På jubileumsnettsida ligg det allereie ute stoff om æresdoktorar og historie, og gjennom året skal totalt 50 alumni frå universitetet blir presentert.

Med andre ord er det mykje å sjå fram til i året som kjem, både av seminar, konsertar, festivalsamarbeid og podkasting. På heimesida til jubileet, http://uit.no/50, kan ein lese om alle arrangementa og kose seg med historiene som allereie ligg ute. 

Publisert på: 
04/01/2018 - 16:44
Sist endret: 
24/01/2018 - 09:08