Martha Otte i samtale med Egon Holstad på Hålogaland Teater 5. januar. Samtalen blei leia av Marianne Lein Moe.

Livet, havet og filmen

Tromsø Internasjonal Filmfestival (TIFF) er eit av vinterens vakraste eventyr. Festivalen tar over byen i veka 15.-21. januar, og filmglade tromsøværingar kan fylle dagane med kino. 5. januar blei programmet presentert på Hålogaland Teater av festivalsjef Martha Otte i samtale med Egon Holstad. Samtalen blei leia av Marianne Lein Moe frå iTromsø.

Ein film om livet

Opningsfilmen på festivalen, Per Fugelli – Siste resept, er ein dokumentar om legen og samfunnsdebattanten Per Fugelli. Han hadde ein kreftdiagnose og visste at han kom til å døy, og let sin venn Erik Poppe følgje han den siste tida.

– Dette var den perfekte opningsfilmen. Det er min hjartesak at opningsfilmen skal seie noko om kor vi er i verda, og det meiner eg denne filmen gjer. Per Fugelli klarte å sette ord på ting og fortelle oss noko om livet. Dette er ikkje ein film om døden, men om livet. Det meiner eg ber oss inn i festivalen på ein fin måte, seier Martha Otte.

Ho forsikrar også om at filmen får ordinær kinodistribusjon etter festivalen, som får Holstad til å dele eit tips om å styre unna dei openbare publikumssuksessane ein veit kjem på vanleg kino seinare.

– Det handlar om prioriteringar. Sjølv om ein tar fri frå jobben heile veka og ser film frå kl. 9 om morgonen til midnatt, så får ein ikkje plass til alt. Da må ein gjere nokre tøffe val, og årets program byr på nokre av dei tøffaste vala på lenge, seier Otte.

Gamle filmar får nytt liv

Eit av sideprogramma under årets festival viser filmar der havet er tema, kulisse og omgjevnad. Her skal det visast både nye og gamle filmar, kortfilmar, dokumentarar og spelefilmar. Sideprogrammet består av 10 filmar, og i tillegg skal det vere ei spesialvising av Oppdrag Nemo.

­– Ein film frå ein annan årgang blir som ny i ein ny kontekst. Heile jobben med å lage program er å sette ting i kontekst, seier Otte.

Holstad er veldig glad i havet, og set pris på at TIFF har vald å fokusere på nettopp dette. Han er nysgjerrig på korleis TIFF kjem fram til tema å fokusere på.

–Vi er omringa av havet her på Tromsøya, og vi kom fram til at havet seier noko om kven vi er og om vår tid. Vi hadde fleire havfilmar på festivalen i fjor, og er ikkje sikre på om vi er ferdige med havet enda. Vi får jo ikkje tid til eit djupdukk med berre 10 filmar, seier Otte.

Storfine regissørbesøk

Årets festival får også besøk av anerkjente filmskaparar. Asif Kapadia vann Oscar-pris for Beste dokumentar med Amy i 2016 og skal halde både samtalar og masterclass under festivalen. Det skal også den japanske regissøren Naoko Ogigami.

– Asif Kapadia er ein TIFF-venn. Han var her med The Warrior i 2003, og blei så tent på Nord-Noreg at han bestemte seg for å lage ein film her. Seinare kom han inn i dokumentarsjangeren med Senna, om den brasilianske Formel 1-føraren, fortel Otte.

Otte meiner Kapadias styrke er å lage dokumentarar der han fortel historia utan tekst eller folk som sit og fortel. Både Senna og Amy blei konstruert gjennom arkivmateriale, og begge blir vist under årets festival. I tillegg kan ein sjå The Warrior, der alt starta. Otte synest også Ogigami er ein fascinerande regissør.

– Filmane til Naoko Ogigami blir gjerne sett på som sære her i Noreg, men i Japan er dei publikumssuksessar. Dei fire filmane vi viser i år er veldig forskjellige, men er alle veldig gode, og eg håpar alle får med seg alle fire, seier Otte.

Sterkt konkurranseprogram

12 av filmane i årets festivalprogram deltar i konkurranseprogrammet. Alle desse har norsk premiere på festivalen, og er med i knivinga om tre prisar: den eigne TIFF-prisen Auroraprisen, den internasjonale kritikarprisen Fipresci, og Det internasjonale filmklubbforbundets Don Quijote-pris. Opningsfilmen er ein del av konkurranseprogrammet.

– Det er eit spørsmål om ein kan ha konkurransar innanfor kunst, men konkurranseprogrammet er flaggskipet til festivalen. Dette er noko av det beste vi har sett i året som har gått, seier Otte.

Ho fortel at ho veit om mange som legg opp programmet sitt for å få med seg alle konkurransefilmane, og meiner at dei burde vere fornøgde i år ettersom programmet er kjempesterkt, og byr på mange gode, men forskjellige filmar.

– Dette skal ein kanskje ikkje seie, men eg har ein veldig sterk favoritt i årets konkurranse. Det er den tyske filmen Western. Regissørens førre film vann ein pris her på TIFF, og vi jobbar med å få ho opp hit i år, seier Otte.

Fleire spesialvisingar

I fjor var det ein Grease-sing-along på programmet. I år har dei oppgradert til ein «dance-along», og det er Dirty Dancing folk får kose seg med.

– Vi likar interaktivitet og å engasjere publikum på forskjellige måtar. Slagordet vårt er «frozen land, moving pictures», og no blir det «moving feet»!, seier Otte.

Ho trekk fram at det tross alt er ein festival der ein skal glede seg over forskjellige delar av filmmediet.

– Denne visinga er på studenthuset Driv, og vi set alle stolane til side og lagar dansegolv. Vi likar å køyre litt røffare og kulare ting der, og også seinare på kvelden. Det må innrømmast at det er alkoholservering på dette arrangementet sjølv om det verken er tvang til alkohol eller dansing, seier Otte når Holstad meiner det heile kan bli litt kleint i edru tilstand.

I tillegg til Dirty Dancing blir det ei eigen ølsmakingsvising, fleire filmkonsertar, babykino og ei eigen studentvising. Filmen som blir vist på studentvisinga er den fransk-belgiske animasjonsfilmen Zombillennium, om ein skrekkmoropark med ekte monster. Studentvisinga er på Driv 16. januar, og er gratis for alle studentar.

Med alt frå tre timar lange bibliotekdokumentarar til sosialistiske musikalar frå bak jernteppet er programmet til TIFF stort og variert. Dermed kan nok alle finne noko på programmet som fell i smak. Om ein ser ein film eller tjue er iallfall TIFF eit fantastisk tilbod til alle filmglade tromsøværingar.

Publisert på: 
11/01/2018 - 18:59
Sist endret: 
13/01/2018 - 15:33