Tromsø Internasjonale Filmfestival (TIFF) var full av gode filmar, og fylte alle kinosalane i byen i tillegg til å sette opp ein eigen utekino. Foto: Frida Xiang Nordås Årsandøy

TIFF-favorittar å halde auga opne for

Ei heil veke på TIFF er ikkje nok tid til å få med seg alle filmane som går. Heldigvis er det mange av publikumssuksessane på TIFF som får eit nytt liv på kino etter festivalen. Her er nokre favorittar å halde auga opne for.

Dokumentarar

 

5. Burma Storybook

Nederland/Noreg, regissert av Petr Lom. Kan leigast her.

Her heime er poesi gjerne noko ein forbind med ein «kulturelite», men slik er det ikkje i Myanmar. Der finn ein poetar på kvart gatehjørne, og dei aller fleste av dei er arbeidarar. Dei som ikkje skriv dikt sjølv, kan gjerne resitere fleire dikt på kommando. Gjennom 50 år som diktatur utvikla den burmesiske poesien seg for å gi uttrykk for politisk misnøye og kritiske tankar som likevel kunne sleppe gjennom sensuren. Filmen fokuserer spesielt på Maung Aung Pwint, ein av landets mest kjente poetar, som skreiv mange av dikta sine mens han var fengsla for kritikk mot regimet. Filmen er utforma som eit vakkert filma dikt, der poetane sjølv får lese opp dikta sine akkompagnert av musikk frå tromsøartisten Biosphere.

 

4. The Other Side of Everything

Serbia, regissert av Mila Turajlić.

The Other Side of Everything er dels slektskrønike, dels ei fortelling av dei politiske omveltingane i Serbia etter 2. verdskrig. Filmen tar utgangspunkt i leilegheita i Beograd der regissøren Mila Turajlić vaks opp, og mora hennar, den politiske aktivisten Srbijanka Turajlić. Ved å vinkle filmen både på familie og politikk får ein innblikk i korleis krigen verka inn på folk flest, og korleis han pregar landet den dag i dag. Borgarkrigen på Balkanhalvøya er ein del av vår nære historie både politisk og tidsmessig, som folk flest likevel har liten kunnskap om. Med eit nyheitsbilete prega av nasjonalisme og ekstremisme er denne kunnskapen noko ein i aller høgaste grad burde få med seg.

 

3. Ex Libris – The New York Public Library

USA, regissert av Frederick Wiseman. Går på Verdensteatret 19. februar.

Den amerikanske dokumentarregissøren Frederick Wiseman har rukke å bli 88 år, men har ikkje slutta å lage film av den grunn. Han er kjent for å utforske amerikanske institusjonar i dokumentarane sine, og no har turen komme til The New York Public Library, eit av verdas største bibliotek. Dokumentarane hans skil seg ut ved at dei verken har forklarande tekstplakatar eller personar som sit og fortel. I staden er han ei fluge på veggen og filmar føredrag, konsertar, folk som brukar mikrofilmapparata, folk som brukar datamaskiner, styremøte og mykje anna som føregår på dei forskjellige bibliotekfilialane. På tross av filmens hårreisande lengde på over tre timar held han på merksemda, og når han er ferdig sit ein igjen med eit inntrykk av biblioteket som ein viktig samlingsplass som er langt meir enn ein oppbevaringsplass for bøker.

 

2. Parkert

Noreg, regissert av Fredrik Mortensen. Går på Fokus, kjem på Verdensteatret 16. februar.

Per «Parker» Andreassen var ein kjent figur i Tromsø fram til han døde for nokre år sidan, og blir i beskrivinga av filmen referert til som ein av «Nord-Norges mest beryktede personligheter». Gjennom eit liv i rus sette han preg på byen på både godt og vondt, og filmen legg ikkje skjul på dei negative sidene hans. Filmen er eit portrett som seier noko om Tromsø-historie, folka her og om livet generelt sett. Dette er ein dokumentar som har vore lenge under arbeid, og no når han endeleg er her burde alle ta turen inn i kinosalen.

 

1. Per Fugelli – siste resept

Noreg, regissert av Erik Poppe. Går på Fokus, kjem på Verdensteatret 11. februar.

Per Fugelli var både lege og samfunnsdebattant, og dei siste åra av livet hans blei prega av ein kreftdiagnose. Før han døydde i 2017 gav han ut boka Per dør, som er ein rapport over dei to siste åra sine. I tillegg let han sin venn regissøren Erik Poppe følge han i den siste tida, og resultatet blei ein film med premiere på TIFF.  Undertittelen «siste resept» kjem av at Fugelli ville finne fram reseptar for å leve eit «godt, anstendig liv», og sjølv om det er ein film som handlar om døden, er han også ei feiring av livet. Filmen var opningsfilmen på TIFF, og i programpresentasjonen på Hålogaland teater 5. januar la festivalsjef Martha Otte vekt på viktigheita av at filmen også seier noko om kor vi er, noko Per Fugelli – siste resept klarte med glans. «Per Fugelli klarte å setje ord på ting og fortelje oss noko om livet», sa ho, og denne dokumentaren er definitivt noko å ta med seg inn i 2018.

 

Fiksjonsfilmar

 

5. Ut av intet

Tyskland, regissert av Fatih Akin. Kjem på kino 16. februar (Fokus).

Der mange av filmane i sideprogrammet Radikalisert stadfesta stereotypien om midtaustenterroristen, fokuserer Ut av intet på terrorisme frå høgreekstremistar. Diane Kruger gjer ei slåande rolletolking som Katja Sekerci, som mistar ektemannen og sonen til eit bombeåtak. Katja er overtydd om at nynazistar har gått etter bedrifta til ektemannen berre fordi han var kurdisk, og det viser seg etter kvart at ho har rett. Ho er fast bestemt på å få hemn, anten det blir gjennom rettssystemet eller utanom. Filmen gir eit anna perspektiv på terrorisme enn det vi er vande til å sjå i media, og anbefalast å få med seg på kino.

 

4. Close-Knit

Japan, regissert av Naoko Ogigami.

Årets festival hadde eit eige sideprogram via til den japanske regissøren Naoko Ogigami. Filmane hennar er publikumssuksessar i heimlandet, og det har dei tydelegvis potensiale til å vere her i Noreg også; Close-Knit vann nemleg publikumsprisen under årets festival. Filmen er ei sjarmerande historie om 11-år gamle Tomo som må bu ei stund hos onkelen sin og kjærasten til onkelen Rinko, da Tomos mor brått reiser bort. Det japanske samfunnet har sterke fordommar mot transpersonar, og Tomo blir først sjokkert da ho innser at Rinko er transkvinne, før eit sterkt forhold utviklar seg mellom dei. Close-Knit er ein «feel good»-film som ikkje nøler med å ta opp viktige tema, og han kjem også med eit godt tips: Er du frustrert, få det ut gjennom strikking!

 

3. The Florida Project

USA, regissert av Sean Baker. Kjem på kino 9. februar (Fokus) og 23. februar (Verdensteatret).

Avslutningsfilmen på TIFF var amerikanske The Florida Project av regissøren Sean Baker. Seks år gamle Moonee bur saman med mora si Halley på det nedslitne motellet The Magic Castle, mens Disney World «The Magic Kingdom» ligg rett ved sida av. Sjølv om Halley slit med å få endane til å møtest, koser Moonee seg med å leike med dei andre barna på motellet. Filmen er både eit bilete av barneglede som overlever på tross av den vanskelege situasjonen og ein kritisk kommentar til det moderne USA, der Halley desperat prøver å halde hovudet over vatnet.

 

2. Savnet

Russland, regissert av Andrej Zvjagintsev. Kjem på kino 9. februar (Fokus) og 1. februar (Verdensteatret).

Andrej Zvjagintsev er ein anerkjend russisk regissør. Han er mest kjent for Leviatan (2014), som på grunn av sin kritikk av det russiske samfunnet førte til at Savnet ikkje fekk statsstøtte. Savnet handlar om eit par som skal skiljast, og da sonen Aleksej innser at ingen av foreldra er interesserte i å ta han med inn i dei nye forholda sine, rømmer han heimanfrå. Der den norske tittelen Savnet spelar på den bortkomne sonen, kan originaltittelen omsettast til «mangel på kjærleik». Det iskalde forholdet mellom foreldra blir spegla i det iskalde landskapet der Aleksej er forsvunne, og stadige referansar til situasjonen i Ukraina plasserer filmen som nok ein kommentar til det russiske samfunnet. Savnet er ikkje ein film å kose seg til med popkorn, men ei sterk filmoppleving frå nabolandet i aust.

 

1. Call Me By Your Name

USA/Italia/Frankrike, regissert av Luca Guadagnino. Går på Fokus, kjem på Verdensteatret 11. februar.

Ein av dei mest kjende filmane i årets TIFF-program er nok Call Me By Your Name. Han fekk premieren sin på den amerikanske festivalen Sundance for rundt eitt år sidan og blei nettopp nominert til fire Oscar-prisar. Elio er 17 år og oppheld seg i familiens sommarhus i Italia sommaren 1983. Der utforskar han seksualitet og kjærleik, og blir forelska i farens assistent Oliver. Kjemien mellom skodespelarane Timothée Chalamet og Armie Hammer løftar filmen til eit enda høgare nivå, og fortel ei historie om skeiv kjærleik utan at det fell inn i kjente mønster. Call Me By Your Name er ei vakkert filma kjærleikshistorie som tar deg rett med inn i sommarkjensla, sjølv når den kalde januarlufta ventar utanfor. 

Publisert på: 
26/01/2018 - 16:51
Sist endret: 
31/01/2018 - 12:52