Regissør Sonja Maria Kröner innleiar filmen sin The Garden under visinga på tysdag.

TIFF invaderer Tromsø

Vi har komme til den femte dagen av Tromsø Internasjonale Filmfestival (TIFF), og mange av visingane har allereie blitt gjennomført. Nokre av dei har blitt vist for fullsett sal, medan nokre har blitt mindre besøkt. Ein ting er iallfall sikkert: det er mange tromsøværingar og tilreisande som allereie har tatt del i festivalen.

Årets TIFF-program er sett saman av konkurranseprogrammet i tillegg til programma norske horisontar, horisontar, horisont aust, havet, radikalisert, East Side Stories – sosialistmusikalar, overdriver, kritikarveka, film frå nord og spesialvisingar. I tillegg kjem fokus på regissørane Naoko Ogigami og Asif Kapadia. Til saman inkluderer programmet over 100 filmar.

Film frå morgon til kveld

TIFF-visingane byrjar klokka 9 om morgonen, og varer til over midnatt. Ein del av dei verkeleg erfarne TIFF-arane tar seg fri frå jobben, så dei kan få fullt utbytte av veka. TIFF-arane er lett kjennbare i byen, der dei skyndar seg frå vising til vising, gjerne med ei raud TIFF-veske over skuldra.

Likevel må ein gjere prioriteringar. Sjølv om ein brukar heile dagen i kinosalen får ein ikkje med seg alle filmane. Ei prioritering ein kan ta er å bruke litt av festivaltida på å jobbe som frivillige. Når ein jobbar som frivillig får ein til gjengjeld sjansen til å sjå som fem filmar om dagen. Ein kvar festival er avhengig av dei frivillige for at det skal gå rundt, og TIFF er inga unntak.

God stemning

I laupet av festivalen har Midnattsolpostens utsendte vore innom seks av sideprogramma. På visingane frå konkurranseprogrammet har salen vore nær fullsett, medan sosialistmusikalane har variert frå halvfullt til fullt. Sosialistmusikalane har ei spesiell stemning i salen fordi ein veit at dette truleg er den einaste sjansen ein har til å sjå dei.

På tross av festivalsjefens tips om å prioritere vekk filmar som får ordinær kinodistribusjon seinare har det vore stappfullt på Oscar-favorittar og det som truleg blir framtidige publikumssuksessar som Call Me By Your Name og Per Fugelli – Siste resept. Onsdagsvisinga av Call Me By Your Name fylte Kulturhuset, og køa stod langt ned i foajeen. På tross av at visinga blei forsinka med tre kvarter fordi sikkerheitstiltaka var så sterke at festivalen sleit med å få tak i riktig passord, var stemninga elektrisk.

På torsdag var det vising av Ex Libris - New York Public Library, og sjølv den godt over tre timar lange dokumentaren spelte for eit stort publikum. Timane flaug av stad, og dei tre timane føltest ikkje som så alt for lange for dei fleste, sjølv om fleire gav opp og drog i laupet av filmen. Men det er det fine med TIFF: ingen reagerer om du kjem aleine, og ingen reagerer om du finn ut at dette ikkje er noko for deg og drar.

Ikkje berre filmvisingar

I tillegg til dei ordinære kinovisingane kan ein få med seg seminar, skodespel, fotoutstillingar, festar, masterclass med kjente regissørar, og fleire rundar med Filmprat-arrangement. Mange filmar har også introduksjonar og spørsmålsrundar i samband med visingane. Du kan lære om filmmusikk, høyre korleis regissørane jobar med filmane sine og mykje meir.

I tillegg kjem spesialvisingar, som filmkonsertane, ølsmakingskonsert og dance-along. Tromsø Filmklubbs tradisjonelle film og TV-kviss får også plass på programmet. Der var det sjølvsagt spørsmål om TIFF-programmet, men dei spurte også om Star Wars, Roald Dahl-filmatiseringar og filmmusikk.

Gode filmsjansar i helga

Med så mange filmar som TIFF har å by kan det vere vanskeleg å orientere seg i programmet, og nokon er kanskje redde for at dei har mista sjansen til å få det med seg. Men frykt ikkje! Det er gode sjansar for å sjå film i helga også. Og sjølv om filmen er utseld, treng ein ikkje gi opp: Det er nemleg mogleg å kjøpe «rush tickets». Da stiller ein seg i kø rett før filmen, og får kjøpe billettane til dei som ikkje dukkar opp.

Om ein ikkje får napp på det heller, blir fleire filmar vist på utekino på Stortorget, og så lenge ein kler godt på seg er det ein super måte å få ta del i festivalen på, også for dei som ikkje vil betale i dyre dommar. Uansett er TIFF eit supert tilbod, og om ein ikkje har moglegheit til å dra i år er det berre å starte ventinga til neste års festival!

Publisert på: 
01/19/2018 - 18:00
Sist endret: 
01/19/2018 - 18:00