I haust inviterte Stopp hatprat til debatt om korleis vi kan stoppe samehetsen. No må majoriteten ta ansvar. Foto: Taylor Holm

Majoriteten må ta ansvar

Tysdag 6. februar feirar vi samane sin nasjonaldag, og Tromsø kommune og Gáisi Giellaguovddaš/Samisk språksenter inviterer til samisk veke i Tromsø. I det høvet er det grunn til å tenkje over korleis vi som majoritet møter urfolket som også har heimen sin i landet vårt.

I haust var eg på ein debatt i regi av Stopp hatprat. Temaet for debatten var korleis vi kan nedkjempe samehets. Stopp hatprat definerer hatprat som «tekster, ord, bilder og symboler som blir brukt for å spre hat, trusler og oppfordre til vold mot en person eller gruppe basert på deres antatte eller reelle gruppetilhørighet».

– Når eg ser desse tinga, så skammar eg meg

Å høyre panelet fortelje om ting dei og folk dei kjente hadde opplevd var hårreisande, men dessverre ikkje overraskande. Ein skal nemleg ikkje leite lenge for å finne eksempel på samehets. Eit surt lesarinnlegg i avisa som påstår at samar ikkje er urfolk, at dei ikkje har ei historie i Tromsø, ein nedsettande kommentar som klagar på at «samane får jo køyre skuter overalt», forslag om å leggje ned Sametinget, påstandar om at samisk reindrift ikkje er berekraftig, folk som gjer narr av kufter og ikkje tar samane på alvor. Ein kunne ha fortsett i det uendelege.

Når eg ser desse tinga, så skammar eg meg. Eg skammar meg fordi desse påstandane kjem frå nordmenn, dei av oss som er privilegerte nok til å vere ein del av majoriteten, men som likevel føler seg trua av at det finst folk som ikkje har nøyaktig same bakgrunn som oss sjølv.

Vi må hugse historia vår

No i dag er nordmenn vande med å sjå på seg sjølv som best i verda. Vi ser sjokkerte på menneskerettsbrot i andre land, og fordømmer dei som undertrykker andre folkeslag. Har vi gløymt vår eiga historie? Har vi gløymt at den norske staten gjennom ein systematisk assimileringspolitikk jobba hardnakka for å utslette den samiske kulturen? Forbodet mot å snakke samisk i skolen blei ikkje løfta før på 1950-talet, og den direkte konsekvensen av denne politikken var at mange blei fråtatt språket og kulturen sin.

Problemet hos oss i majoriteten burde ikkje vere klaging over at det blir sett av pengar til samiske tiltak, det burde vere korleis vi nokon gong kan vege opp for det vi har gjort. Når det samiske samfunnet no etterlyser støtte til å bygge opp og ta vare på kulturen sin, må vi lytte. Når dei ber oss om å ta vare på samiske interesser i utbygginga av gruver og vindmølleparkar, må vi lytte.

Når reineigarar må saksøke staten fordi den norske staten har vedtatt at dei må slakte så store delar av reinflokken sin at det blir umogleg å overleve, må vi lytte. Korleis kan vi nordmenn seie at vi veit betre korleis ein skal drive med reindrift? Det er ikkje vi som sit med kompetansen og ekspertisen på kva som er best for miljøet og reinen.

Når nordmenn påstår at samar får mykje «ekstra» støtte, og klagar over dei «ekstra rettane» dei har, så burde ein heller sjå innover mot seg sjølv. Får ikkje norske tiltak utruleg mykje meir støtte enn dei samiske? Får ikkje vi støtte og moglegheit til å ta vare på vår eiga kulturarv?

Lihkku beivviin!

No når heile Tromsø skal bli prega av samiske arrangement i den kommande veka, håpar eg at vi nordmenn kan ta eit augeblink og tenke over korleis vi behandlar medmenneska våre. Eg håpar vi kan bli flinkare til å gi plass til andre kulturar enn vår eigen, og flinkare til å komme med motsvar til dei som brukar stemmen sin til å komme med hatprat. Vi må bli flinkare til å lytte, og vere opne for å lære meir. Og til slutt vil eg berre seie: Lihkku beivviin! Gratulerer med dagen, og eg håpar at alle kosar seg med feiringa.

Publisert på: 
02/06/2018 - 09:40
Sist endret: 
02/07/2018 - 12:48