Foto: Taylor Holm

Etterlyser studentbustader og sjukepleieplassar

Torsdag 12. oktober la regjeringa fram statsbudsjettet for 2018, som mellom anna fortel kor mykje vi får i studiestøtte, kor mykje støtte UiT Noregs arktiske universitet får, og kor mange studentbustader som skal byggast. Det er spesielt dette siste eit samla student-Noreg har reagert på, deriblant Ida-Elise Seppola Asplund, leiar for Studentparlamentet ved UiT.

Skuffande                                             

– Mykje i dette statsbudsjettet er som forventa, men det er likevel ikkje som studentane ønska seg. Når begge regjeringspartia gjekk inn for å auke talet på studentbustader, er det skuffande at dei kuttar talet på studentbustader som skal byggast i det kommande året, seier Asplund.

Regjeringa legg opp til å bygge 2200 nye studentbustader i 2018, noko som er ein nedgang på 300 frå året før. I studentbustadsundersøkinga til Norsk Studentorganisasjon (NSO) mangla ein 14 165 bustader for å få 20% dekning i 2017. NSO krev at det skal byggast minst 3000 studentbustader i året for å nå målet.         

I Harstad skrik dei etter bustader.

Ida-Elise Seppola Asplund, leiar for Studentparlamentet

– Eit krav på 20% dekning er ikkje eit stort krav, og sjølv ikkje det klarer ein å oppfylle. Mi frykt er at det blir dyrare å leige når det er mangel på studentbustader, slik at fleire må kjøpe. Studentbustader er utruleg viktige for å utjamne forskjellar, og gi alle moglegheit til å studere der dei vil, fortset ho.

Tala frå NSO viser at bustadsdekninga i Tromsø, Alta, Narvik og Hammerfest er god, på over 20% alle stadene. Like bra står det ikkje til i Harstad, der dekningsgraden berre er på 11%.

– I Harstad skrik dei etter bustader. Det blir spennande å sjå kor dei studentbustadene som faktisk skal byggast kjem. Og sjølv om dekningsgraden i Tromsø er god, er det framleis problematisk fordi privatmarknaden er så liten, seier ho.

Dyrare kollektiv og kultur

I statsbudsjettet legg regjeringa opp til å auke den lågaste momssatsen frå 10% til 12%. Det inneber at det blir dyrare med buss og drosje, å bu på hotell, og å gå på kulturtilbod som kino eller på fotballkamp.

– Vi ser på siste undersøking frå NSO at over halvparten av stipendet går rett i husleige. Kultur er allereie dyrt, så det er dumt at det blir enda dyrare. Studentane og ungdommen har ikkje råd til å ta del i kulturlivet, og da er det jo ikkje rart at vi får omgrep som «kultureliten», seier Asplund.

Ho er glad for at Tromsø kommune har tatt greip.

– Tromsø kommune har sett av pengar til å innføre eit «kulturkort», som skal gi betre prisar på kultur for ungdom. Dessverre vil ikkje dette kortet famne om alle studentane, så vi treng framleis ei større satsing for at alle skal få tilgang til kulturlivet.

Lita auking i studiestøtte

Regjeringa fortset opptrappinga mot 11 månaders studiestøtte, slik at ein i 2018 vil få utbetalt lån for halve juni. I tillegg blir studiestøtta prisjustert i forhold til forventa årleg prisvekst. Dette frustrerer likevel Asplund.

– Det er jo bra at dei fortset opptrappinga, men det er uansett for lite. Vi ønsker at studiestøtta skal aukast til 1,5 av grunnbeløpet i folketrygda. Aukinga vi får no gir ikkje studentane noko auka kjøpekraft, og studentar må framleis jobbe ved sida av studia, fortel ho.

Det er berre tull at vi ikkje treng heiltidsstudenten.

Ida-Elise Seppola Asplund, leiar for Studentparlamentet

Ho peikar også på eit problem det verkar som om politikarane gløymer:

– Regjeringa har over mange år lagt opp til at studentar skal jobbe ved sida av studia, men dette er ikkje mogleg på alle studium. Mellom anna medisinstudentar har mykje praksis og obligatorisk undervising, og har ikkje lik tilgang til å kunne jobbe som for eksempel ein sosiologistudent. Det er berre tull at vi ikkje treng heiltidsstudenten, spesielt på studieretningar som legg opp til så mykje praksis.

«Turbostipend»

I avsnittet om studiestøtte opnar regjeringa også for å gjere om på ordninga som konverterer lån til stipend, for å stimulere til at studentane fullfører utdanninga. Mange har reagert på dette og samanliknar det med eit «turbostipend», der ein får meir av lånet omgjort til stipend om ein fullfører graden på normert tid.

Eit «turbostipend» vil bety at pengepremien for å fullføre på normert tid kjem etter fullført studium, og vil ikkje føre til ei betring av kjøpekrafta til studentane. Både NSO og Asplund stiller seg ventande til om det er dette regjeringa siktar mot.

– Sånn som vi og NSO oppfattar det, er det ikkje avklart kva som skal ligge i ei sånn belønningsordning. Det er heller ikkje noko regjeringa skal gjennomføre i 2018, men noko dei skal arbeide med, og som eventuelt kjem til neste år. Vi må komme tilbake til saka når vi veit kva dei legg i det, seier Asplund.

Som forventa for UiT

Regjeringa legg opp til ei løyving på 3,17 milliardar kroner til UiT. Det er ein liten nedgang, ettersom universitetet fekk ei løyving til inventar på MH2 i fjorårets budsjett, men jamt over var løyvinga som forventa. UiT har også fått ei løyving til 40 nye studieplassar innanfor IKT.

– Ja, dette var som forventa. Vi saknar ei tydelegare satsing på sjukepleieplassar og plassar innanfor fiskeri. Nord-Noreg har også eit særleg ansvar for fiskeriet og fisken, som blir ekstra viktig i framtida når vi ikkje berre kan støtte oss til olja, seier Asplund.

Ho trekk fram samfunnsansvaret UiT har, både når det gjeld fiskeri og sjukepleie.

– Dette er noko landsdelen treng og behøver. Regjeringa har ei satsing på IKT som vi på UiT får del i, men det nyttar ikkje med all verdas teknologi om ein ikkje har nokon til å ta vare på dei eldre når eldrebølga kjem, seier ho.

Kandidatundersøkinga 2017 viser at 7 av 10 blir i landsdelen etter enda utdanning, slik at ein sjukepleiar som blir utdanna på UiT truleg blir verande i Nord-Noreg.

– Det er ei ganske sikker investering å utdanne sjukepleiarar. Likevel vel ein å ikkje satse på det, og å ikkje gi Nord-Noreg den kompetansen vi treng. Det ser vi veldig negativt på, seier Asplund.

Satsar på forhandlingane

Ettersom regjeringa ikkje har fleirtal i Stortinget, må budsjettet forhandlast før det kan bli vedtatt, og Asplund satsar på at det kan slå positivt ut for studentane.

– Det er bra for oss at vi har ei mindretalsregjering, for vi får sjansen til å påverke. Heile student-Noreg med NSO i spissen krev at vi må få fleire studentbustader, og eg håpar at for eksempel Venstre får inn at vi iallfall opprettheld byggetalet frå fjoråret. Det er jo heilt skandaløst å kutte ned. Ein må satse på studentane, det er jo dei som er framtida. Om ein ikkje har dei, så har ein ingenting, avsluttar ho.

Publisert på: 
10/16/2017 - 08:52
Sist endret: 
10/16/2017 - 08:52