Møte i Studentparlamentet. Foto: Frida Xiang Nordås Årsandøy

– Semester­avgifta har blitt fordelt på ein god måte

Etter at Tromsøstudentenes Idrettslag (TSI) retta kritikk mot resultatet av semesteravgiftsfordelinga har debatten rast. Ida-Elise Seppola Asplund og Sebastian Henriksen frå Arbeidsutvalet (AU) i Studentparlamentet er glade for at studentane engasjerer seg i saka.

I eit debattinnlegg i iTromsø reagerer TSI på semesteravgiftsfordelinga som blei vedtatt på studentparlamentsmøtet 1. november. I debattinnlegget skriv TSI at den originale innstillinga til semesteravgiftskomiteen var eit «godt forslag preget av forutsigbarhet og rettferdighet for alle studentorganisasjonene tilknyttet UiT».

Vi har tillit til at parlamentet har gjort eit godt arbeid.

Ida-Elise Seppola Asplund, leiar for Studentparlamentet

 

Viktig å rette seg etter parlamentsvedtaket

Leiaren for semesteravgiftskomiteen var Sebastian Henriksen, velferds- og internasjonaliseringsansvarleg i AU.

– Vi hadde eit godt arbeid i komiteen, og var fornøgde med innstillinga vi kom med. Likevel er det viktig både for oss i AU og for meg som komiteleiar å rette seg etter det vedtaket som blei gjort i Studentparlamentet. Vi har forståing for at parlamentet vel å prioritere annleis enn komiteen, seier Henriksen.

Han får støtte frå Ida-Elise Seppola Asplund, leiar for Studentparlamentet ved UiT.

– Vi har tillit til at parlamentet har gjort eit godt arbeid, og at studentorganisasjonane veit kva dei treng for å drifte. Vi vil ikkje legge føringar på korleis dei forskjellige organisasjonane skal driftast, men må stole på at dei brukar støtta dei får på ein forsvarleg måte, seier ho.

Studentpolitikarane trekk likevel fram at dei heier på frivilligheit.

– Vi oppmodar sjølvsagt til at det meste av verksemda skal drivast frivillig, og veit at dei fleste studentorganisasjonane er prega av frivilligheit. Vi heier på både TSI, Midnattsolposten, DebutUKA og alle dei andre studentorganisasjonane, seier Henriksen.

Ein skal ikkje berre vere student, men også menneske.

Sebastian Henriksen, velferds- og internasjonaliseringsansvarleg

 

Synest engasjementet er flott

Både Henriksen og Asplund er glade for at studentane engasjerer seg i saka.

– Det er jo ei gladsak at vi har 5,4 millionar som skal komme studentane til gode, og når det er så store summar hadde det vore meir urovekkande om det ikkje skapte engasjement, seier Henriksen, før Asplund legg til at det er viktig å vere takknemleg for semesteravgiftsordninga.

 – Det er mange andre land som manglar noko som semesteravgiftsordninga, og det er viktig å forvalte ho på ein god måte. Det er ein flott sjanse studentane får til å bestemme over sin eigen kvardag, og vi i AU oppmodar alle til å vere med i organisasjonar og engasjere seg vidare, seier ho.

Gjennom arbeidet sitt i AU har begge to fått sjå verdien av studentorganisasjonane kvar veke.

– Ein skal ikkje berre vere student, men også menneske, og i studietida skal ein bli utvikla både fagleg og sosialt. Eit mangfald av studentorganisasjonar bidrar til at UiT blir ein meir attraktiv plass å studere, seier Henriksen.

Roser parlamentet for eit godt arbeid

På tross av kritikken frå TSI meiner Asplund og Henriksen at Studentparlamentet har gjort ein god jobb. I tillegg til å komme fram til eit kompromiss mellom søkarorganisasjonane i denne fordelinga, valde Studentparlamentet også å prioritere pengar til dei mindre studentorganisasjonane.

– Både komiteen og parlamentet såg viktigheita av vårfordelinga, der dei mindre studentorganisasjonane kan søke støtte, og sette av 444 000 kr til det, fortel Henriksen.

Dei er begge to nøgde med arbeidet Studentparlamentet har gjort.

– Vi meiner at studentpolitikarane har vore ansvarlege og fordelt semesteravgifta på ein god måte, avsluttar Asplund.

Publisert på: 
11/13/2017 - 09:00
Sist endret: 
02/13/2018 - 11:21