Semesteravgiftsfordeling i Studentparlamentet. Foto: Frida Xiang Nordås Årsandøy

Strid om semesteravgiftsfordelinga

Onsdag 1. november møttest Studentparlamentet for å innstille på korleis dei vil fordele pengane frå semesteravgifta til dei største studentorganisasjonane. På søkarlista stod mellom anna studentutvala frå alle fakulteta, Campustinget Finnmark, Studentsamfunnet Driv og studentavisa Midnattsolposten. Søkarorganisasjonane hadde også talerett på møtet.

Semesteravgiftsfordelinga

Alle studentar ved norske universitet må betale semesteravgift til Studentsamskipnaden. Ein del av denne semesteravgifta blir delt ut til forskjellige studentorganisasjonar, og det er Studentparlamentet som innvilgar søknadene. På hausten blir pengane fordelt til dei største studentorganisasjonane, som t.d. Driv, TSI og Midnattsolposten, medan pengane på våren går til mindre studentforeiningar. Det er styret i Samskipnaden som gjer det endelege fordelingsvedtaket

Dei innkomne søknadene hadde først blitt behandla av ein komité, som kom med ei innstilling på kor mykje dei anbefaler å gi dei forskjellige søkarorganisasjonane. I framlegginga la komiteen vekt på at arbeidet hadde vore hyggeleg, men krevjande, ettersom den totale søkarsummen var på meir enn dei hadde å gi ut.

­– Mange gode søknader til mange gode formål som fremmer studentaktivitet har blitt mottatt samtidig som det er en viss knapphet i ressursene. Dette gjør at komiteen er nødt til å ta prioriteringer, skriv komiteen i innstillinga.

I si innstilling har komiteen i stor grad opprettheldt støtta frå tidlegare år, medan Jusshjelpa var innstilt på ei lita auking. Dei innstilte også på å kutte støtta til Studentutvalet på NT-fak ettersom søknaden blei levert for seint, og Hurradio grunna låge lyttartal.

Kritikk frå studentutvala

Regelverket for semesteravgiftsfordelinga slår fast at støtta til organisasjonane mellom anna skal ta omsyn til medlemstal og aktivitetsnivå.

Studentutvala på BFE, Helsefak og HSL, dei tre største fakulteta, reagerte på at den innstilte støtta ikkje tok omsyn til studenttalet.

– Som det største fakultetet er vi innstilt på like mykje støtte som dei andre, sjølv om studenttalet er større. Det reagerer vi på, sa ein representant frå Studentutvalet på Helsefak.

Studentparlamentsrepresentantane for desse tre fakulteta la saman med Sosialdemokratene og Moderat liste fram eit heilskapleg endringsforslag, der dei auka støtta til dei store studentutvala.

Strid om Midnattsolposten-støtte

Ein anna søkarorganisasjon som reagerte på innstillinga var Midnattsolposten, og mykje av diskusjonen på møtet omhandla støtta til avisa.

I sin kommentar til Midnattsolpostens søknad skriv komiteen at dei ser positivt på satsinga, men ein samla komité meiner å gi støtta Midnattsolposten bad om ville vere uforsvarleg og gå på kostnad av dei andre studentorganisasjonane.

– Det er viktig å ha ei sterk studentavis på universitetet, som kan vere eit talerør for og av studentar. Det er eit viktig bidrag til studentdemokratiet, og for å bygge opp dette tilbodet er vi avhengige av å få støtte no i startfasen, sa Midnattsolposten frå talarstolen.

I sitt alternative framlegg til støtte foreslo framleggsstillarane å auke støtta til Midnattsolposten i forhold til innstillinga, og å gi mindre enn innstilt til store aktørar som TSI og Driv.

– Vi er usamde i forslaget. TSI er den organisasjonen ved UiT som aktiviserer flest medlemmar, og å kutte i støtta vår vil gå direkte utover medlemmane og undergruppene våre, sa TSI frå talarstolen.  

Gjennomslag for endringsforslaget

Til slutt var det det heilskaplege endringsforslaget frå Sosialdemokratene, Moderat Liste og fakultetsrepresentantane frå BFE, HSL og Helsefak som blei sendt til endeleg røysting, mot røystene til Sosialistisk Studentlag og fakultetsrepresentanten til Kunstfak.

Den endelege tildelinga blei samrøystes vedtatt, og Studentparlamentet vil gi følgande organisasjonar støtte:

  • Campustinget i Finnmark (80 000 kr)
  • Juridisk studentutval (60 000 kr)
  • Studentutvalet på BFE (70 000 kr)
  • Studentutvalet på Helsefak (70 000 kr)
  • Studentutvalet på HSL (70 000 kr)
  • Studentutvalet på Kunstfak (20 000 kr)
  • Studentutvalet på NT-fak (30 000 kr)
  • Håp i Havet (40 000 kr)
  • DebutUka (130 000 kr)
  • Fadder Finnmark (80 000 kr)
  • Hurradio (10 000 kr)
  • ISU (100 000 kr)
  • ESN Finnmark (50 000 kr)
  • StudentUka (160 000 kr)
  • Jusshjelpa (211 000 kr)
  • Studenthuset City (600 000 kr)
  • Studentsamfunnet Driv (1 250 000 kr)
  • Midnattsolposten (500 000 kr)
  • Tromsøstudentenes Idrettslag (1 435 000 kr)
  • Avsett til vårfordelinga (444 000 kr)
Publisert på: 
11/02/2017 - 19:23
Sist endret: 
11/02/2017 - 19:23