Skrivar i Norsk Målungdom Eline Bjørke reagerer på at studentar ikkje får eksamensoppgåver på nynorsk. Foto: Norsk Målungdom

– Framleis vanskeleg å få eksamen på nynorsk

Det seier Norsk Målungdom i ei pressemelding. Norsk Målungdom er ungdomsorganisasjonen til Noregs Mållag og jobbar for å fremme nynorsk, dialektar og språkmangfald. Ei viktig oppgåve for dei er å hjelpe studentar å klage dersom dei ikkje får eksamen på nynorsk.

Kvart semester tar Norsk Målungdom mot klagar frå studentar på manglande nynorsk eller dårleg språk på eksamen, før dei tar ansvaret for å sende klaga vidare til Språkrådet og det aktuelle universitetet. Dette semesteret har dei fått inn 18 klager til 7 lærestader, som er meir enn i tilsvarande semester i fjor. Dei fleste klagene gjeld manglande nynorskversjon av eksamen.

– Det er alvorleg. Vi ser kvart år at mange studentar ikkje får eksamen på nynorsk, trass i at dei er meldt opp som nynorskstudentar hjå lærestaden sin, seier skrivar i Norsk Målungdom, Eline Bjørke.

Har rett på nynorskeksamen

Mållova slår fast at studentar har rett til å få eksamensoppgåva på sitt eige språk, og Norsk Målungdom reagerer sterkt på at lærestadene ikkje tar rettane til studentane eller det språklege ansvaret sitt på alvor. Der lærestadene ofte viser til at dei får inn få klager, meiner Bjørke at det er store mørketal:

– Eg er sikker på at det er store mørketal og mange som ikkje melder frå om at dei ikkje får rettane sine oppfylte. Dessutan let mange vere å klage fordi dei kjenner seg utsette dersom dei klagar, sidan dei er åleine eller ein av få nynorskbrukarar i klassa, fortel ho.

Oppmodar folk til å klage

For å bøte på problemet oppmodar ho likevel folk til å klage, ettersom det blir lagt større press på lærestadene når fleire studentar krev å få dei språklege rettane sine tatt på alvor. Når ein klagar via klageportalen til Norsk Målungdom, er det dei som tar seg av det formelle ved klaginga.

Bjørke avsluttar med å poengtere at ho ikkje trur det er vond vilje bak dei manglande nynorskoppgåvene, men tankeløyse.

– [M]ange av dei som skriv eksamensoppgåver er beint fram umedvitne. Det gjer det sjølvsagt ikkje mindre alvorleg, men eg trur det gjer at det skal lite til før dei skjerpar seg, avsluttar ho.

Publisert på: 
01/04/2018 - 16:43
Sist endret: 
01/04/2018 - 17:18