Kvart semester fordeler studentparlamentet semesteravgifta, her eit bilete frå fordelinga i haust. Foto: Frida Xiang Nordås Årsandøy.

Astud reagerer på støttekutt

18.april fordelte studentparlamentet nok ein gong semesteravgifta, denne gongen til dei mindre foreiningane. Arbeiderpartiets studentlag i Tromsø (Astud) reagerer på at dei fekk kutt i støtta, og på ei rotete handsaming i parlamentet.

Semesteravgiftsfordelinga

Alle studentar ved norske universitet må betale semesteravgift til Studentsamskipnaden. Ein del av denne semesteravgifta blir delt ut til forskjellige studentorganisasjonar, og det er Studentparlamentet som innvilgar søknadene. På hausten blir pengane fordelt til dei største studentorganisasjonane, som t.d. Driv, TSI og Midnattsolposten, medan pengane på våren går til mindre studentforeiningar. Det er styret i Samskipnaden som gjer det endelege fordelingsvedtaket.

Fekk kutt i støtta

– Arbeiderpartiets studentlag (Astud) ble startet opp i høst. Vi ønsker å bidra til å skape aktivitet og politisk mangfold ved UiT. Til vårfordelingen hadde vi håpa på en mer lik fordeling, slik at vi får den samme muligheten til å tilby studentene et politisk miljø, skriv Linn Bruholt, nestleiar i Astud.

Astud fekk innvilga 5 000 kr av ein søknad på 20 000 kr, med grunngjevinga at dei hadde søkt om oppstartsstøtte, og dermed ikkje hadde rett til å søke på driftsmiddel.

– Astud søkte på oppstartsstøtte i desember 2017, i den tro at vi kunne søke driftsstøtte ved vårfordelingen. Ved fordelingen av oppstartsstøtte ble vi kuttet fra 15 000 til 10 000. Det ble forespeilet i forslaget om kutt at vi kunne søke driftsmidler ved vårfordelingen, skriv Bruholt.

Under møtet leverte Sosialdemokratene eit endringsframlegg til fordelinga, og foreslo å auke støtten til Astud med 10 000 kr ved å kutte 5 000 kr i støtten til HHT-dagen og 5 000 kr av midla sett av til oppstarts- og arrangementsstøtte. Forslaget fekk ikkje fleirtal. Det vil seie at Astud fekk ei samla støtte i laupet av året på 15 000 kr, medan den tilsvarande organisasjonen Høyres studenter fekk totalt 30 000 kr i støtte.

Habilitetsspørsmål

Bruholt i Astud trekk også fram forvirring rundt habilitetsspørsmålet. Av dei engasjerte studentane i parlamentet, er det også mange som er engasjerte andre stader. I tillegg søker også dei politiske listene om støtte i vårfordelinga.

Tidlegare har det vore praksis at leiar og nestleiar i ei foreining blir erklært inhabile, også i dei politiske listene, men ved dette møtet blei ikkje dei politiske listene erklært inhabile.

Under møtet blei Bruholt erklært inhabil, i tillegg til Aurora Skagen, Tonje Nilsen og Adrian Traasdahl. Det var berre Skagens vararepresentant som trådde inn i møtet. Dei møtande i fordelingskomiteen må ikkje gjennom ei habilitetsvurdering.

Komiteleiaren

Sebastian Henriksen, velferds- og internasjonaliseringsansvarleg i studentparlamentet, leia fordelingskomiteen og svarer:

– Det har vært viktig for komiteen å levere en god og helhetlig innstilling til fordelingen av støttemidler. Under høstfordelingen satte vi av et betydelig beløp til denne lille fordelingen da komiteen syns viktigheten av å ha et mangfold av studentorganisasjoner ved UiT er sentral. Komiteen har i sitt arbeid forholdt seg til det vedtatte reglementet for fordelingen av midler og levert vår innstilling til parlamentet basert på dette, søknadene og det totale økonomiske handlingsrommet.

Fordelinga blei vedtatt mot røystene til Andrea Jørstad Thoresen (Sosialdemokratene), Viljar Hanssen (Sosialdemokratene), Silja Wara (Sosialdemokratene) og Robert Li (BFE). I denne runden støttar studentparlamentet følgjande organisasjonar:

  • Arctic Economic Society (5 000 kr)
  • Arctic Sector (6 000 kr)
  • Astud UiT (5 000 kr)
  • HHT-dagen (50 000 kr)
  • Høyres Studenter Tromsø (30 000 kr)
  • Imladris (20 000 kr)
  • Medisinstudentenes Fagutvalg (0 kr)
  • Moderat Liste (20 000 kr)
  • Ruphus (5 000 kr)
  • SAIH (45 000 kr)
  • Sosialdemokratene UiT (12 000 kr)
  • Sámi – SSDN (35 000 kr)
  • Start UiT (30 000 kr)
  • Studenter med Haiti (23 000 kr)
  • StudentKRIK (11 000 kr)
  • Studentmållaget i Tromsø (5 000 kr)
  • Troms Europeisk Ungdom (10 000 kr)
  • UiT SV (20 000 kr)
  • YATA Tromsø (30 000 kr)
  • Altastudentes Idrettslag (10 000 kr)
  • Spire Tromsø (10 000 kr)
  • Avsettes til oppstarts-/arr.støtte (22 000 kr)
Publisert på: 
25/04/2018 - 14:35
Sist endret: 
25/04/2018 - 22:52