Fredrik Hope, leiar i Norsk Målungdom

Studentsamskipnadene må sjå nynorskstudenten

"I dag skriv studentsamskipnadene nesten berre på bokmål. Når nynorskstudentane ikkje får sjå språket sitt i studiekvardagen, vert det vanskelegare å halda på nynorsken."

Åsmund Kvifte, sentralstyremedlem i Norsk Målungdom
Åsmund Kvifte, sentralstyremedlem i Norsk Målungdom

For å vera trygg i språket ditt, må du sjå det i bruk gjennom heile livet. Det er mange tusen nynorskbrukande studentar ved norske universitet og høgskular, og dei ser  for lite nynorsk i kvardagen. Mange av dei byter difor til bokmål i studietida.  Å få studentsamskipnadene til å fylgja mållova er ein tiltak som vil gjera nynorsk synlegare på høgskular og universitet, og som truleg vil gjera at fleire held på nynorsken.

Studentsamskipnadene er til for å gjera studiekvardagen enklare for studentane. Dei leiger ut bustader, driv treningssenter, og mykje meir. Dei er ofte godt synlege i studentlivet, og møter titusenvis av studentar kvar einaste dag. Det er tvungen medlemskap i studentsamskipnaden. Han tek semesteravgifta i medlemspengar, og får resten av finansieringa si frå det offentlege. Ved alle dei norske universiteta og høgskulane, er det studentar som skriv nynorsk og studentar som skriv bokmål. Skal studentsamskipnadene syna at dei er til for alle studentar, må dei sjå begge gruppene og bruka begge språka.

I dag skriv studentsamskipnadene nesten berre på bokmål. Når nynorskstudentane ikkje får sjå språket sitt i studiekvardagen, vert det vanskelegare å halda på nynorsken. Det kan verka som eit signal om at språket ikkje er brukande på alle samfunnsområde. Det signalet er det motsette av å signalisera respekt. Og respekt er grunnleggjande for å kunna tilby gode velferdstenester.

Heldigvis er det mogleg å retta opp i. Studentsamskipnadene er i dag unnatekne mållova, slik at dei fullt lovleg kan oversjå nynorskbrukarane. Det er eit uheldig unnatak, som korkje fører til billegare eller betre studentvelferd.

Fredrik Hope og Åsmund Kvifte 

Heldigvis er det mogleg å retta opp i. Studentsamskipnadene er i dag unnatekne mållova, slik at dei fullt lovleg kan oversjå nynorskbrukarane. Det er eit uheldig unnatak, som korkje fører til billegare eller betre studentvelferd. Tvert om let det samskipnadene gløyma, og soleis usynleggjera, nynorskbrukarane på studiestadene.

Difor må Stortinget endra lov om studentsamskipnader, slik at studentsamskipnadene vert underlagt mållova som nasjonale statsorgan. Då lyt dei nytta både nynorsk og bokmål, og tilby viktige dokument på begge språka. Ei lita endring i studentsamskipnadslova vil føre til mykje meir nynorsk, og gjera det mykje lettare å vera nynorskstudent.

 

Fredrik Hope og Åsmund Kvifte 

Leiar og sentralstyremedlem i Norsk Målungdom

Publisert på: 
07/01/2019 - 16:33
Sist endret: 
05/02/2019 - 22:30